Formiddagstreff

Første tirsdag i kvar månad, samlast med til formiddagstreff på Fredheim kl 11.30. Her mimrer me, synger, andakt og mykje meir. Me har og sjølvsagt eit godt varmt måltid.

Marit Rygh

Kontaktperson

Epost: marirygh@online.no
Mob: 48139778

Inge Hamre

Kontaktperson

Epost: inge_hamre@hotmail.com
Mob: 92202934

Noko du lurer på? Send oss en e-post.

13 + 2 =

Historie:

Det byrja for 12 år sidan som eldretreff. Reidun Tuv Årsand sette det i gang. Me samlast den første tysdagen i månaden kl 11.30 utanom juli,august og januar. I fleire år dekka me fire bord med plass til seks personer på kvart, og det møter opp 20-24 eldre.

Ei av oss i komiteen har (kvar sin gong) ansvaret for kakematen. Me lager betasuppe med kaffe og ein kakebit etterpå .Alt gjer vi heime og tek med oss.

I det siste har vi også fått forsterkning av ein bror frå Frelsesarmeen, med song, spel og vitnemål. Matøkta er også noko dei eldre ser fram til. Men før siste kaffikoppen er heil oppdrukken, begynner åresalet. Gevinstane er kjøpte både av «komiteen» og andre ,somme tider lodder me ut lefser og nordlandskaker ,som er populert.

Frå dei 35-40 eldre er det ofte longt over kr 3000,-  i børsa kvar gong. Pengane går uavkorta til «Nytt Håp» i Brasil v/Eva og Geirr Standal der Grethe Gravdal er kasserer.

Fleire av dei som kjem på formiddagstreffa går ikkje på andre kristne samlingar. Treffa blir såleis både indre-og ytremisjon. Ynskje vårt er at deltakarane får lyst å ha eit Jesus-bevisst liv.