Søstermisjon
Søstre i Herren
Det nærmer seg 50 år sidan søstermisjonen byrja hos Anna Løkhammer. Ho fyrte i omnen, kokte kaffi, og så hadde kvinnene som kom niste med seg. Slik var det fyrste ni-ti åra. Seinare vart det «ambulerande», slik at dei var rundt i dei forskjellige heimane.
Møta har alltid vore annakvar måndag. Deltakartalet har variert noko opp gjennom åra. Tidlegare år frå fem til ti i snitt, ei stund var me oppe i 14 stk, om alle møter er me no i 2013 ca.10 stk.
Programmet er stort sett som fylgjer:
- Fleire songar m/gitarakk.
- Andakt ved ho vi er ho ,som oftest er vi på lokalet.
- Bønn for nære og kjære, Stord`s befolkning, land og folk, misjon/misjonærane
- Mat er også viktig. Den smaker alltid godt, enten vi får smørbrød, salater eller suppe. Også alltid ei herleg kake til slutt!
- Kollekten blir heller ikkje gløymt. Dei siste åra er det kome inn kring 20 000,- til 22 000,- i året. Pengane er siste ti åra sendt til Nytt Livs Lys, bibeltrykkeriet i Japan V/Roald og Inga Lidal.
Vi gler oss til søstermisjonsmøta. Vi kjenner «Åndens enhet i fredens sambånd». Og så er det eit privilegium å få vera med i Herrens vingard.
Marit Rygh
Kontaktperson
Epost: marygh@online.no
Mob: 481 39 778